onsdag 30. januar 2013

NAMM- show 2013

I siste halvdel av januar, var eg så heldig å få vere med på NAMM 2013 i Anaheim, Los Angeles. Messa, er verdas største bransjetreff innan musikkinstrument av alle slag. Naturleg nok var det trommer og cymbaler som interesserte meg mest..


Tidleg på morgonen var det såpass lite folk at det gjekk an å få teke litt bilete. Utover dagen vart det tett med folk, og MYKJE lyd!

Istanbul sin stand, med Zildjian bak:


Det var trommesett for dei med tre føter..


og for dei meir normale;


Sabian hadde laga kunst med cymbalane sine:


 Ein litt meir økonomisk stand hos Paiste:


Eit vakkert trommesett frå det engelske Premier:


Det finaste syns eg likevel var dette. Eit klassisk enkelt jazztrommesett frå Gretsch:


Trommisen til Foo Fighters (Taylor Hawkins) sitt sett. Godt brukt!


Ziljian hadde nokre spanande cymbaler. Desse er nok mest meint som øvingscymbalar, sidan dei har eit mykje lågare volum enn vanlege cymbalar. Likevel fin svisj- lyd i dei.



RotoDrum hadde dette trommesettet med trommene delt på midten. Her er ein video frå Youtube som viser korleis dette fungerer:  Interessant konsept, sjølv om lyden i settet var litt i tørraste laget etter min smak.


For dei som likar motorsyklar?


Mykje bass i basstromma? (Kanskje "Sub- basstromme")


Ein kopi av Beatles- settet frå Ludwig:


Yamaha hadde forskansa seg i eit eige lokale med berre Yamaha- instrument.


Eg fekk og eit glimt av ein kjendis, Alan White frå gruppa Yes. Han fekk utdelt ein eigen skarptromme med inskripsjon, etter 40 år som Ludwig trommeslagar.


Dessverre var han ikkje så interessert i å spele..

Namm- messa er bra på den måten at ein sjølv kan få prøvd det meste av utstyret som vert presentert, og veldig kjekt å endeleg få vere på messa som eg har høyrt og lest om, i så mange år!

Kanskje eg kjem tilbake ein gong?

mandag 6. august 2012

Larkin Poe!

I helga 3. og 4. august var eg på konsert med den amerikanske gruppa; Larkin Poe.

.
Søstrene Megan og Rebecca Lovell lagar det meste av musikken sin sjølv. På konsertane sine har dei med seg svært dyktige musikarar; Rick Lollar på gitar, Robby Handley på bass, og Chad Melton på trommer.

Fredag kveld var det intimkonsert i Hønsehagen Vinkjeller. Ei fantastisk oppleving, både for gane og øyre!

På konserten på laurdag var gruppa Sunday Morning, som eg spelar trommer i, supportband for Larkin Poe. Vi spelte etter dei var ferdig.. Mykje folk og bra med liv.

Her er settlistene som dei brukte i helga.. Fredagen (Hønsehagen) til venstre og laurdagen (utekonsert) til høgre. (trommisen Chad sin liste):


Alle medlemmane i gruppa var kjempehyggjelege og jordnære folk. Eg fekk spesielt god kontakt med trommeslagaren; Chad, som eg delar mange interesser med.

Einar og Synne på Sunnjord Geo Center, fortener skryt for å ha fått til ein slik konsert i Stongfjorden. Kven skulle drøymt at det gjekk an å få slike opplevingar i lille Stongfjorden?

Eg vil også berømme dugnadsgjengen i bygda for å organisere alt med godt humør, og som stod på for å få til dette! Bravo! Kanskje dette kan bli ein tradisjon?

Musikkvideoen til Play on, er spelt inn i Stongfjorden. Den finn du nedafor:



Bilete frå helga kan du finne HER, frå Stongfjorden si eiga heimeside.

Fleire bilete på facebook HER.



lørdag 4. februar 2012

søndag 1. januar 2012

Sunday Morning på Julejammen 2011

Julejammen i Holmedal samfunnshus gjekk føre seg 28. desember. Sunday Morning spelte to sett. Eitt heilt i starten, og eitt heilt til slutt.


Her er ein video teke i frå trommene. Songen vi spelar her, er:  "Baka ein stein" av Hellbillies:



Og her er ein video med Anna Hlin og oss. Songen er "Knock on wood". Spelt på ein heavy- disco- måte:


Den store stjerna på jammen denne gongen var Vegard Leite, som spelte to sett åleine med gitar. Stor suksess!

lørdag 3. desember 2011

Tama Royal Star!

Dette settet har eg hatt i ein del år no. Til jazz fungerar det fint. Eg har Remo Ambassador Batter- skinn på dette.  Vil etterkvart prøve å byte ut frontskinnet.


Litt "Vintage- preg" her kan ein kanskje seie:


Stortromma er 24 toms. Skarp 14, og dei to tammane 12 og 16 toms:

mandag 28. november 2011

Velkomen!

Dette er den nye trommebloggen min. Her kjem meir info, bilete og kanskje nokre videoar etterkvart.

Klar til speling:

Arbeidsplassen min: